News
Boklansering
Boklansering
Endeleg kjem den etterlengta boka for alle toppturentusiastar i regionen vår! Måndag 31. oktober inviterer Øyvind Birkeland og Skald Forlag saman med Vinterveko til boklansering og filmkveld på Tre Brør Cafè.
"Toppturar i Vossafjell" er ei guidebok med bilete, kart og skildringar av 50 ulike skiturar til 37 fjelltoppar i dagsturavstand frå Voss.
Øyvind Birkeland presenterer boka med historier og inspirerande bilete. Vinterveko-arrangørane viser film og fortel om planane for Vinterveko 2012. Tre Brør Cafè stiller med kakao og vaflar!
Bli inspirert- vinteren er i anmarsj!